GPS-POSISJON (EU89): 5.88467995, 59.6768516
DATERING: Eldre jernalder
VERNESTATUS: Automatisk fredet
Frå Per Fett: “Bygdeborg på Holenuten oppe på fjellet om lag 500 m o. h. Det er tung og bratt veg opp. Sjølve nuten har bratte, utilgjengelege sider, berre i NO kan ein kome opp, men her og er det bratt. Nokre søkk mellom knattar er stengde med svære murar som nå er utrasa, og oppe på knattane er samanborne steinar. Oppe på plataet er det store sprekker, minst 10 m djupe, som har gitt namn til nuten. Synfaring 1926 (Johs. Bøe) og 1976 (Eva og Per Fett). I ei lita hole fanst noko slagg og kol, B 7889.”