Borgaråsen, Søre | Hjelmeland, Rogaland

GPS-POSISJON (EU89): 6.16916325, 59.20559634

DATERING: Jernalder

VERNESTATUS: Automatisk fredet

Borgfjellet går bratt opp frå alle kantar,stupbratt fleire stader, mot NA er det slakare. Her er på austsida ein mur som ligg på ein 2-3 m høg avsats i fjellet. Den er orientert ca N-S, men buar ut mot A. Vekslande markert, lite synleg. Delvis lyngkledd og med ei vekslande mengd synlege steinar. Mykje stein ligg ved foten av avsatsen. L. ca 40 m. H. opptil 1 m påutsida, på innsida går den i ett med bakkjen. Br. ca 1,5 m der den er best bevart. Ca 6 m NV for og 2 m lågere enn den øvre - går ein annan mur på ein avsats. Vekslande markert, lite synlig. Delvis lyngkledd, eit par små bjørk. Større og mindre steinar syner. Mykje utrasa. Går frå V mot A ca15 m, bøyer så mot SA ca 14 m der den stoppar ved fjellfoten. Samla lengd ca 30 m, br. ca 2 m, h. på utsida ca 0,5 m, men må opprinneleg ha vore opptil 1,8 m h. heilt nede ved fjellfoten, på innsida går den i eit med bakkjen. Borgområdet er dels nokså flatt, dels skrår det ned mot kantane. Herer nokre groper der regnvatn kan samla seg. Lyngkledd, nokre ganske små bjørk og nokre få små furu. Ein del større steinar, mykje fjell i dagen. Godt synleg mot V. Kalles Borgaråsen. INTERNE OPPLYSNINGER: Her var ikkje vatn 16/6-1977.

Mere info på kulturminnesok.no