GPS-POSISJON (EU89): 6.12171519, 59.20451145
DATERING: Eldre jernalder
VERNESTATUS: Automatisk fredet
Lengst i A: 1. Bygdeborg. Orientert A-V. Borgplatået er nokså flatt med unnatak av ein bergtopp i ANA kant. Ein del grunne søkk. Graskledd, litt bjørk,osp og eik alngs kanten. Ein del fjell i dagen. Såg ikkje vatn. Fjellet går stupbratt opp på alle kantar, unnateke mot V og A der det er noko slakare. Bortsett frå mot N er fjellet nokså lågt, berre opptil ca 5 m høgt. Lettast adgang er det frå V. Det er mur kring heile platået, unnateke mot N der fjellet er svært høgt. Muren er for det meste uklartmarkert, lite synleg. Graskledd, nokre lauvtre. Ein del stein syner, berre få av dei er store. Utrasa, ein del stein ligg ved fjellfoten, men i V kant kan det kanskje vera ein mur som ligg 3-5 m utanfor og ca 2 m lågare enn hovudmuren som går i ein bue langs A, S og V sida. I S ligg den på kanten av eit 2-5 m h. stup. L. ca 105 m, br. 1-3 m, h.0,2-0,4 m. Kalles Kvedneshauen. L. ca 100 m, br. ca 60 m. På toppen av berget i ANA kant av 1: 2. Rundrøys. Vekslande markert, lite synleg p.g.a. lauvtre. Noko lyng og bjørk langs kanten, ellers ligg steinane nakne. Omrota i midten og mot SA der også ein del stein er fjerna. Litt utglidd i kanten nokrestader. I S del stikk fjellet fram langs kanten. Antydning til fotkjede her og der. D. ca 13 m, h. 1,3-1,8 m. Ca 20 m VSV for 1: 3. Rundrøys. Klart markert, lite synlig p.g.a. lauvtre. Delvis gras- kledd, litt bærlyng, nokre bjørk og osp langs kanten. Mykje stein syneri midten der den er omrota. Her ligg nokre steinar som kanskje er NV langvegg i eit gravkammer, orientert NA-SV. L. minst 2 m og minst 0,45 m djupt. Heilt øydelagt. Fotkjede syner. D. ca 13 m, h. ca 1 m. Mellom 1 og 3 står ei el. mast med to dobbeltbein. Ca 1 m SV for 3 er ein stor ca 4 m h. stein.