GPS-POSISJON (EU89): 6.27762998, 58.42178724
DATERING: Eldre jernalder
VERNESTATUS: Automatisk fredet
Fjellet går bratt opp på alle kantar, utan i S der ein smal steinete rygg fører opp til topp-platået som måler ca 30 x 50 m, orientert N-S. I N-kant av ryggen er inngangen i ei kløft mellom to ca 1,4 m høge knausar. Orientert NNV-SSØ, l. 5-6 m, br. 2 m.Frå Ø-kant av inngangen går ein mur mot N, buar mot Ø og ligg ute på skrenten langs borgplatåets Ø-side. Den er mykje utrast, bygd av større og mindre steinar. L. 78 m, br. 2-3 m, h. på inn- sida 0,5 m, h. på utsida opptil 2 m.I V-kant av inngangen er spor etter ein mur som har gått mot N langs skrenten på V-sida. Berre enkelte steinar ligg att. Den har vore ca 12 m lang. Kan ikkje sjå at her finst vatn.