Husåsen | Hjelmeland, Rogaland

GPS-POSISJON (EU89): 6.06413349, 59.17428235

DATERING: Jernalder

VERNESTATUS: Automatisk fredet

Fjellet går bratt eller stupbratt opp mest over alt, ofte med forrevne sider. Lengst i S er eit nokså bratt slett og snaut svaberg. Her må ha vore ein 25-30 m l. mur orientert ca VNV-ASA. Nå er berre eit ca 10 m l. stykke att lengst i VNV. Vekslande markert og litesynlig. Tilgrodd med mose, lyng, einer og bjørkekratt. Ein del stein syner. Muren er utrasa på framsida og ligg nokså jamnt med bakkjen på innsida. På ein avsats nedanfor staden der muren er borte ligg ei større røys løftestein. Ved foten av fjellet ligg også eit par mindre slikerøyser. Dette er nok stein som har rasa eller vorte kasta ut frå muren. Frå ein nokså flat topp heller Borgplatået for det meste mot VSV der det er små søkk som kan gi livd og der det ved granskning kanskje er råd å finna vatn. Platået er for det meste tilgrodd med høg bærlyng, einer og krattskog, for det meste bjørk.

Mere info på kulturminnesok.no