GPS-POSISJON (EU89): 5.89584531, 59.07188291
DATERING: Eldre jernalder
VERNESTATUS: Automatisk fredet
Borgfjellet går nokså bratt opp på alle kantar utan i NV der vegen er stengd av ein mur som er orientert NØ-SV. Vekslande markert og synleg. Berre nokre store steinar ligg att. Det meste er nytta til å bygge stillingar under siste verdskrig. L. ca 55 m, br. inntil 1 m, h.inntil 1 m. Sjølve borgområdet er småkupert med knausar. Vegetasjonen er gras og småbjørk. I eit søkk litt SØ for midten er eit vasshol. Også ellers finn ein vatn på eit par stader.