Nådøynå, Slottet | Stavanger, Rogaland

GPS-POSISJON (EU89): 5.87082073, 59.15441097

DATERING: Eldre jernalder

VERNESTATUS: Automatisk fredet

Borgfjellet går bratt opp med stup mot V og slakareskråningar mot V og S dels også mot A. Borgområdet består av to små toppar og på S og A sida av desse er to nokså slake søkk. I det austre av søkka er det vasseg. Frå toppen skråner det ned til alle kantar unnateke mot V der det er stupbratt. Innafor nordre mur er det eit vasshol i eit mindre søkk. Vegetasjonen er lyng og i dei to søkkja også høg einer. Lengst i Npå ein ca 3 m h. skrent ved foten av borgfjellet ligg: 1. Mur som går i bue frå ASA-VNV og med front mot N. Nokså klårt markert og synleg. Steinane som til dels er nokså store ligg for det meste nakne. Sjølve muren verkar noko uryddig. L. ca 30 m, br. ca 1,5 m, h. opptil 1,2 m. I bratt skråning ca 30 m ovanfor og S for 1:2. Mur, orientert A-V. Vekslande markert, lite synleg. Delvis lyngkledd. Ein heil del stein syner. Utrasa. Nå ca 20 m l., men må ha vore ca 10 m lenger mot V. Br. ca 2 m, h. opptil 0,8 m. På ein skrent på A sida ligg: 3. Mur. Orientert N-S. Bygd av til dels store steinar. Den er utrasa og berrerestar er bevart. Utrasa steinar ligg nedanfor skrenten. L. ca 12 m, men har truleg vore lenger mot S. I S kant av borgfjellet: 4. På ein VNV-ASA gående ca 2 m høg og ikkje særleg bratt skrent ligg nokre få steinar etter ein mur på plass her og der. Nedunder ligg noko utrasa stein.Skrenten er ca 23 m l. Ca 20 m S for 4 og lågare nede: 5. Stupbratt skrent, orientert A-V. Her er ingen murrester i dag, men dette er beste verjestadene i S del av borga. Nokre få lause steinar ligg nedunder skrenten L. ca 40 m, h. 3-4 m.Borga kalles Slottet.

Mere info på kulturminnesok.no