GPS-POSISJON (EU89): 6.10451343, 58.52238107
DATERING: Eldre jernalder
VERNESTATUS: Automatisk fredet
Berget går bratt opp på alle kantar uten ved eit skar i NV kant. Oppå ein 2-2,5 m h. bergskrent ligg restane av ein mur bygd av større og mindre steinar. Den er orientert A-V, l. 12 m, br. 2 m, h. ca 0,5 m.I forlengelsen av muren ca 3,5 m mot A oppå ein fjellskrent, ligg ein voll av forholdsvis små steinar, del- vis torv og lyngkledd. Orientert NA-SV, l. 6 m, br. ca 2 m, h. ca 0,5 m.Ca 10 m S for fyrstnevnte mur eit større vasshol og i A del av borga er det mange større og mindre vass-basseng.