GPS-POSISJON (EU89): 5.83473308, 59.14073773
DATERING: Flere dateringer
VERNESTATUS: Ulike vernestatus
Borgfjeller går ofte bratt opp, men det er slakare nokre stader og der det er nokså lett å komma opp. Desse stadene er sikra med murar. På NV sida: 1. Mur, orientert N-S og NA-SV. Vekslande markert, delvis lyngkledd. Mykje stein syner, utrasa. Ligg på ei ufs med utrasa stein ved foten. Skada av hyttebygging ved knekkpunktet og gjennombroten ved bygging av ei tretrapp. Stein er fjerna ved hyttebygging. Går frå S mot N ca 37 m, br. opptil 2 m, h. opptil 0,7 m. Vender så mot NA ca 32 m, br. 2-3 m, h. opptil 1,0 m. Ca. 20 m NV for og nedanfor 1 går eit steingjerde NA-SV. På kanten av ufs på ASA sida: 2. Mur, orientert VSV-ANA, N-S og VNV-ASA. Vekslande markert. Ein heil del stein syner. Mykje utrasa. Går frå VSV mot ANA ca 20m, vender så mot N ca 40 m der det er nokså lett å komma opp. Her ligg muren som ei røys, orientert VNV-ASA l. 8-9 m, br. ca 5 m, h.0,75 m. Muren går så frå VNV-enda av røysa mot N ca. 20 m der den vart avbroten av ein bratt fjellskrent 6-7 m l. Muren held så fra mot N ca 12 m der den endar i høgt og bratt fjell. Samla l. ca.108 m, br.(utanom røysa) ca. 2,5 m, h. 0,3 - 1 m. I eit lite skard på Sv sida: 3. Mur, orientert ca. NV-SA. Uklart markert og heilt utrasa. Berre nokre få steinar ligg att. Nedanfor muren ei lita urd. Bratt stup på båe sider av skaret. L. 5-6 m. Ca. 16 m VNV for trig.punkt på toppen av åsen: Vassbaseng. Det er oppgravt att i nyare tid og ser ut til å gi god tilgang på vatn. Det er lagt ei plastleidning til ei hytte derifra. Utstrekning 6x4 m. Borgområdet skrånar nokså bratt til alle kantar ned frå toppen ligg midt på. Skråningane er noko småkupert med avsatsar og små lune søkk der ein kan finnalivd. På vestsida er det bygd to hytter. Den eien av dei har delvis øydelagt mur i NV.