Finnborg | Stavanger, Rogaland

GPS-POSISJON (EU89): 5.78309622, 59.25580723

DATERING: Jernalder

VERNESTATUS: Automatisk fredet

Borgfjellet er bratt eller stupbratt til alle kantar. IN del er det lettast å koma opp på borga. Frå sjøen i S går ein veg på ei naturleg hylle langs A sida av fjellet. Stien og hylla stig mot N. På eit ca 5 m langt stykke er stien tillaga med ein oppmura fylling i A kant. 1. Lengst i N går ein voll A-V og stengjer adkomsten. Den er nokså klårt markert, men lite synleg i lendet. Graskledd. Ein del forholdsvis små steinarsyner, og inntil SA kant av vollen ligg 3-4 større steinar. Utrasa. Innafor muren som ligg på toppen steinar. Vollen er antageleg utrasa. L. ca 18 m, br. 2-2,5 m, h. ca 0,6 m. Innafor vollen (S) er ein liten trekanta flate. I omlag same nivå, men ca 12 m SSV for 1: 2. Voll. Orientert NNA-SSV. Nokså klårt markert, mindre godt synleg i lendet.Graskledd. Ein del for det meste mindre stein syner. L. ca 23 m, br. ca 3 m, h. ca 0,6 m. Også innafor (V) 2 er det ein trekanta flate. Inntil fjell i NNV kant av flaten og ca 6 m V for 2: 3. Rund steinsamling. Uklårt markert, lite synleg. Graskledd. Ein del mindresteinar syner. Ligg inntil fjell i V og N kant. Oppgravt i midten der det er eit lite krater. D. ca 3 m, h. ca 0,25 m. Ca 10 m SSV for 2 kan det ha vore ein voll, orientert NA-SV. I dag er her berre nokre få mindre steinar att. Lengda kan ha vore ca 12m. På SV sida av berget, på toppen av ein noko slak bakkje eller avsats kan det og ha vore einvoll, orientert ca NV-SA og ca 6 m l. I dag ligg nokre få mindre steinar her. Sjølve borgområdet er småkupert og oppdelt av bergskorer og avsatsar som alle går ca NA-SV. Ved foten av berget er det røysar fleire stadar. Desse skuldast neppe utrasa murar, men heller forvitring og ras. N for 1 kan det kanskje likevel ha vore ein mur. Orientert A-V. I dag ligg her ei ca 15 x 5 m stor ogca 0,7 m h. røys. Kalles Finnborg. Frå stranda i S går ein sto mot NNA opp mot borgområdet.

Mere info på kulturminnesok.no