GPS-POSISJON (EU89): 4.89338944, 59.30598475
DATERING: Eldre jernalder
VERNESTATUS: Automatisk fredet
Borgfjellet går bratt opp frå alle kantar. Frå NV går ein sauesti på ei berghylle som på det smalaste er 0,5 m br. I byrjinga ligg det noko stein som kan vera lagt der for å letta adkomsten for dyra. Stien går omlag vassrett midt i bergsida. I A kant vender stien mot S og endar etter ca. 5 m i eit søkk i berget eit par m. høgare oppe. Dette er lettaste adkomsten til berga.I søkket her ligg mest som restar etter ein mur eller voll som går A-V mellom 2 bergknattar. Uklårt markert, lite synleg. Graskledd. Ein del nokså små steinar syner. L. ca. 6 m, br. ca. 3 m, h. 0 - 0,3 m. Vollen ligg ved foten av eit NNA vendt nokså bratt ca. 3 m h. skråberg. På bråtet av dette, mellom ein knatte i NV og ei ufs i SA ligg det litt stein av mindre storleik, likeså sume stader i skråninga. Kanskje har her vore ein utrasa mur eller voll? Borgområdet er småkupert og skrår i avsatsar til alle kantar. Mellom låge berg nær toppen omlag midt på er ein vassdam med noko siv. Orientert N-S. Etter kva ein seier turkar den aldri ut. L. ca. 8 m br. ca. 5 m. På sjølve toppen står ei nedlagt loshytte med radar. Adkomstentil den er ei tretrapp gjennom ein 1-2 m br. og nokså bratt klove i NA kant av berget. Det er vel her ein har meint det var mura trapp. Kunne ikkje sjå klåre spor etter noko slikt, men her har likevel vore nokså greit å komme opp. På austsida er ei skore (hylle) 2-3 m br. som stig frå N mot S og går heilt opp til borgområdet. Ved foten av skora liggein stor stein og nedanfor den ein del utrasa steinar, kanskje frå eit stengsle. Det er ellers greit å komme opp i denne skora. Under 1. verdenskrig vart det stukke torv på toppen av berget, spor etter det syner som ei kanta senkning ca. 5 m N for vassdammen. Kalles Børje.