GPS-POSISJON (EU89): 6.10674883, 59.20651584
DATERING: Eldre jernalder
VERNESTATUS: Automatisk fredet
Borgfjellet er høgt og stupbratt på 3 kanter, men er lågere og slakare mot SV. Her stengjer ein mur. Orientert ca NV-SA. Nokså klart markert, lite synlig. Delvis lyngkledd. Mykje stein syner, for det meste store og mindre heller. Mykje utrasa. Frå NV går den mot SA ca 19 m , der det er ein opptil 1,5 m h. bratt avsats i fjellet somgår ca 10 m mot SA der muren igjen overtar og fortsett mot SA ca 25 m delvis på kanten av ein avsats. Så fylgjer mot SSA eit stykke fjell ca 6 m l der mur vantar, deretter ein 4-5 m lang murstump mot A, dei siste 4 m av muren vantar. Heile dette stykket er ca 60 m l. Br. på muren 1-3 m, h. på utsida 0,2-1,2 m, på utsida går den i eit med bakken eller eropptil 0,4 m h. Bergområdet er nokså jamnt og skrånar i låge avsatsar frå høgste staden som er i S kant. Lyngkledd, ein del små bjørk og einer. Ein god del fjell i dagen, i NNV del er to store steinar. Ikkje vatn å sjå, men her er nokre søkk der regnvatn kan samlast. Kalles Borgaråsen.