GPS-POSISJON (EU89): 7.16304654, 61.27640254
DATERING: Jernalder
VERNESTATUS: Automatisk fredet
Bygdeborga måler omlag 150 x 75 m, orientert NO-SV. I V og N fell lendet bratt av, i NO og S er skråninga slakare. Frå NO til S kan ein fylgja ein mur som er omlag 200 m lang, ein bergknaus utgjer ein del av muren i S. Muren er bygd av steinar/blokker 0,1-1,0 m store, desse er tildels dekt av torv og mose. Steinsetjinga på austsida av borga kan ikkje sjåast i dag, truleg grodd att. I fylgje Fett er det teke stein frå muren til den gamle bygdevegen til Hafslo, som gjekk på denne sida av elva like under borga.Under registrering i 1971 fekk L. Østerlund fylgjande opplysningar av dåverande eigar Ludvig Munthe:Tradisjon: Iflg. eigaren er det ein St. Olavskilde omlag 200 m N-O for borga, rett N for den gamle ferdselvegen til Hafslo i den fyrste knappe svingen. Denne kilda skal heilag Olav ha vigsla under ei reise på slutten av han si styringstid. Etterpå blei det lagt ein kross av bjørkeris i sanden som skulle gje folk helsebot. L. Østerud fann ikkje att kjekla ved registrering i 1971, han rekna med at den måtte vere tørrlagd. Den gamle ridevegen til Kaupanger skal ha teke av rett O for borga, over fjellet forbi Gaflaskogen og Helgaseter. Spor etter vegen kan sjåast i dag. På Helgaseter har det etter segnet stee ei kyrkje som blei nytta til Sognekyrkje ulovleg etter at reformasjonen blei innført i Norge.