GPS-POSISJON (EU89): 5.91700168, 59.12712793
DATERING: Steinalder
VERNESTATUS: Automatisk fredet
Borgfjellet går for det meste bratt opp, men er noko slakare mot NA og SV. Særlig bratt er det mot SV. Borgområdet er noko avrunda på toppen og skrår frå den jamnt til sidene, unnateke mot NA der det er eit søkk som gir livd mot vestavær. I dette søkket er det kanskjemogeleg å finna vatn. I NA er forsvaret styrkt av ein steinmur, orientert NV-SA. Vekslande markert, lite synleg i lendet. Delvis moseog lyngkledd. Ein heil del stein syner Mykje utrasa. Dette stykkjet er ca 10 m l., br. ca 5 m, h. ytterst opptil 0,75 m, men på innsida går den i eit med lendet. Frå SA kant kandenne muren ha gått ca 10 m mot S. Her ligg eit par steinar att på eit svaberg og ein del stein ligg ved foten av det. Frå NV kant av fyrstnemde murstump går den vinkelrett mot SV. Uklårt markert, lite synleg. Gras- og mosekledd, litt småbjørk. Noko stein syner. Ligg på ein opptil 1,5 m h. bergskrent. Ved foten av skrenten ligg ein del utrasa stein. Muren enderi SV i ein liten knause med trig. punkt på toppen. L. ca 20 m, br. ca 3 m, h. ca 0,5 m. På SV sida av knausen på kanten av ein høg bratt skrent på NV sida av borgfjellet er svake spor etter ein murstump, orientert NNA-SSV. Uklårt markert, lite synleg. Tilgrodd med gras og smått bjørkekratt. Nokre fåsteinar syner. L. ca 12 m, br. ca 2 m, h. på utsida 0,25-0,5 m.