Hingar(d)shammar | Hjelmeland, Rogaland

GPS-POSISJON (EU89): 6.10856689, 59.15420992

DATERING: Jernalder

VERNESTATUS: Automatisk fredet

Borgfjellet går stupbratt opp mot S og A. Mot V og N er det mykje slakare, her er det nokså lett å koma opp. Inn- gangen har truleg vore lengst i V der ein sti går opp frå NA under ein bratt avsats i fjellet. Ein mur befestar borga og ligg ofte på slike avsatsar av ulik høgd.Nokre stader er også store steinar utnytta ved bygging av mur. Den går langs V og N sida, er vekslande markert og lite synleg. Ei vekslande mengd stein syner. Mykje utrasa ofte slik at berre nokre få steinar ligg att sume stader. Stykkevis er den heilt borte, men nedrasa stein viser at her må ha vore mur likevel. Best bevart er eit 24 m l. stykkelengst i A, der den ligg som ei ca 4 m br. og ca 0,6 m djup røys. Fjellet er nokså slakt her. L. i alt ca 87 m. Br. 2-4 m, h. opptil 0,75 m, men er for det meste lågere. Truleg har den lege nokså jamnt med bakkjen på innsida og vore opptil 1,25 m h. på utsida. Borgplatået er noko kupert og skrår ofte mot N og V. Eit område midtpå er forholdsvis flatt. Vatn er ikkje å sjå. På eit lite berg i V ende er bygd ei borg, oval og med ytre mål ca 5 x 4 m. Omgitt av ein steinmur ca 0,75 h. og ca 0,75 m br. Omkring ligg nokre steinsamlingar, bla. under ein låg bergvegg i SV og også ca 2 m NNA for borga, dessuten ei borg ca 1 m NV for den fyrste. Den målerca 2 x 2 m og har 0,3-0,4 m h. og omlag like br. steinmurar. Kanskje har her oppr. vore ei røys.

Mere info på kulturminnesok.no