GPS-POSISJON (EU89): 6.95980358, 58.38213354
DATERING: Folkevandringstid
VERNESTATUS: Automatisk fredet
Toppen av åsen er flat og myrlendt med pytter (vannreservoar). På austsida av åsen, utpå kanten av ei ufs, står der ein stor voll av jord og stein, 20-25m lang, 3,5m brei og 0,75m høg. Vollen svingar av mot nord der han held fram som ein mur som er 20m lang, 1-2m brei og 0,5-0,75m høg. Sør for vollen er der eit langt bratt skar med fire murar, dei to nedste ser mest ut som steingjerde. Nedst i skaret (mest heilt nede i Kålvedalen) står der ein mur som greinar seg ut i fire vangar. På sørvestsida av åsen, ovanfor eit bratt skar, står der ein mur som er 10m lang, 0,5-1,5m brei og 0,5-0,75m høg. På vestsida av åsen står der to like store murar.