GPS-POSISJON (EU89): 5.09737308, 60.06574046
DATERING: Jernalder
VERNESTATUS: Automatisk fredet
“Borgen” eller “Borgeledhaugen”. Her er ei innhegning, heilt oppdyrka. Før var her 2 m tjukke murar, høgst 1 m høge, 25 X 20 m N - S ytre mål, lagde i firkant, noko utbogen i N. Inngang i S. Dyrkingsstein hadde vore lagt oppå, men nå er mest all stein brukt til veiter og husmurar. Midt inne på stykket er ein haug som ser ut som gravhaug, men Ross nemner han ikkje. Under dyrkinga gjorde dei funn, oske og kol serleg i den nordre rundinga. Kart og plan: Ross 1891 pl. mot s. 54. Kommentar fra ØK-Reg. 1986: “Under ØK-registreringa 27/8-86 vart fk. nr. 1 (…) ikkje teke med. (…) Høgdedraget er no tilvakse med tett granskog, bortsett frå ei oppdyrka glenne der innhegninga truleg har vore. Frå V går det ein stig til ei hytte ved kanten av glenna. Ved ØK-registreringa vart det ikkje påvist restar av murar kring innhegninga.”