GPS-POSISJON (EU89): 6.62973213, 60.28379931
DATERING: Jernalder
VERNESTATUS: Automatisk fredet
Fra Per Fett, 1954: Bygdeborg. Består av ein mur, som er noko nedrasa, men framleis over 1 m høg på sine stader. Etter steinmengdene å døme, kan han ha vore eit par meter høg. Frå stupet mot V går han 20 m mot O. Dei neste 7 m er det lite att av, men han har her gjort ein sving mot N, for lendet skuld, og enda i ein 2-3 m høg bergvegg. På toppen av denne held han så fram ein 12 m til stupet mot O. Det er lett å kome opp frå S om lag 1 km å gå frå garden i jamn stigning. På flata er eit søkk mellom småhumpane, truleg tilsigne restar av eit vasshol eller ein brunn. Hertzberg skriv at då dei grov i eit søkk på flata nedunder stupet på nordsida, 30 a 40 alner (vel 20 m) frå toppen fann dei “en af de sædvanlige Steenkrukker eller Urner”. Like under stupet på O-sida er funne ein handkvernstein. På Børvehovden har det vore brent både vite og brising. Han er synleg over heile Sørfjorden.